Bok
Å svikte det aller finaste
Petterson skriv truverdig og vart om utruskap og svik.
Gjennom ein forfattarskap som skjønnlitterært tel ni romanar og ei novellesamling har den prislønte forfattaren med arbeidarklassebakgrunn gitt oss soger som særleg set søkjelys på kjensler og sorger hos den maskuline delen av menneskeslekta. Førre roman, Menn i min situasjon frå 2018, fekk ei jamt over god, men noka blanda mottaking. I boka av året er han tilbake i storform.
Boka opnar med den aller mest rørande scena i boka. Kasper, 73 år, køyrer heimover på haustmørke vegar då bilen treffer eit rådyr. Eit uskuldig vesen blir dødeleg skadd, uforvarande frå Kaspers side, men han er like fullt skuldig. Slik kjenner han seg også, og med stor uro går han ut i skogen og finn det skadde dyret. Han set seg ned med henne, for det er ei hoe, ei god stund, klappar og snakkar roande – kanskje vel så mykje for å dempe eigne nervar som nervane til dyret. Neste morgon blir rådyret skote av viltnemnda.
Frå opningsscena blir trådane trekte attende til fortida og ein heilt annan livsfase for Kasper. Då han var ein yngre mann, gjorde han seg også skuldig i å gjere skade og skape sår, men då i nære relasjonar til kvinner. Det er ikkje snakk om fysisk skade, men utruskap. Som aldrande mann ber han på skuld, og det verkar umogeleg å gjere det godt att.
Kjærleik og naivitet
«Back to the 80s». Kasper er i trettiåra, ung ektemann og far til to små. Livet er intenst, fylt til randa av arbeid og familie. Det er nokså strevsamt, men verken han eller kona Inger sutrar. Dei er samstemte og kvardagslykkelege, og dessutan politisk engasjerte.
Så slår bomba ned i samlivet. Han forelskar seg i ei anna, ei som både han og Inger kjenner godt og er mykje saman med. Til å byrje med verkar det ikkje dramatisk, og Kasper trur at det skal gå bra å få både i pose og sekk. Han er tilfreds i samlivet med Inger, og så tillitsfull i den relasjonen at han vel å fortelje om forelskinga. Kona reagerer ikkje med sjokk og vantru, noko han tolkar som eit klårsignal.
Med liv og lyst kastar han seg ut i den utanomekteskapelege lidenskapen. Ein trygg familieheim med kone og barn – og så andre spennande seksuelle opplevingar ved sida av? Han lar seg ikkje be to gonger.
Kva kvinnene på si side tenkjer, får vi ikkje innsyn i direkte, men indirekte gjennom korleis dei agerer i den vidare handlinga. Slik blir det snart tydeleg nok. Perspektivet i romanen er låst til Kasper, i ei slik eg-forteljing som er blitt Pettersons varemerke.
Skrive det
Frå tidlegare bøker kjenner vi att både skrivestil og motivval. Det blir køyrt ein del bil, men denne gongen har bussreiser større plass og har også gitt tittelen til boka. Den nattarbeidande Kasper brukar å sovne på bussen heim, og det er den omsorgsfulle bussjåføren som vekkjer han med nettopp dei orda, «Du er hjemme nå». (Tittelen er mogelegvis meint ironisk, det skjønar ein når ein har lese ferdig.)
Med ein særeigen munnleg-skriftleg stil har Petterson skapt eit eige vassmerke.
Kasper har tungt arbeid på fabrikk, og som i tidlegare romanar hyllar Petterson det maskuline manuelle arbeidet. Her er også vakre og vare naturskildringar, ikkje berre i opningskapittelet.
Ikkje minst kjenner vi att den bevisste språkføringa til denne forfattaren. Med ein særeigen munnleg-skriftleg stil har Petterson skapt eit eige vassmerke, ein stil som gjer at lesaren nesten høyrer teksten for sitt indre øyre like mykje som ein ser han på boksida. Denne gongen får vi dessutan vere med på høgttenking rundt det å søkje etter og sirkle inn det mest presise omgrepet, og kva det vil seie å skrive det – i motsetnad til å skrive om det. Forfattaren lar oss altså få innblikk i sin eigen poetikk.
Du er hjemme nå er ein Petterson-roman av godt, gammalt merke, med nokre nye element som gjer lesaropplevinga endå rikare. Denne forfattaren er slett ikkje «ferdigskriven».
Les meir:
-
Venleikens pris
László Krasznahorkai skriv kunsten inn i verda og verda ut av det guddommelege.
-
Verdslitteraturen ifølgje Donald
Når Alf Kjetil Walgermo no er ferdig med boka si om Litteratur i Andeby, kan det neste bli at Jon Fosse finn vegen inn i det rikt litterære Donald Duck-universet med ei «Andvake».
-
Personleg og privat
Som vanleg skriv Simon Stranger godt, men kva har han å fortelje?
-
No kjem tekoligarkane
Den uheilage alliansen mellom gigantmedia, korrupte politikarar og pengemakt har lenge vore den neste frontlina i forsvaret av demokratiet.
-
Mitt kongerike for ei ku
Hos Tore Stubberud er kua eit fascinerande vesen med sjølvsagd rett til eit fullverdig liv.